Sanna er klar for Sogndal FK Damer
Sanna Simpson-Larsen kjem frå klubben Rollag/Veggli IL og er no student i Sogndal første året. Ho kjem frå ein idrettsfamilie der ikkje berre fotballen har stått sentralt. Namnet er kjent både i Sogndal, men og på Voss der ho har fotballaner og nær slekt. Søstera Karoline er langrennsløpar med mange gode plasseringar i norgesstoppen og internasjonalt.
Eg stortrivst i Sogndal, både med laget, men og som student. Her ligg alt til rette for å trivast. Så eg er berre happy med dette, seier ei smilande Sanna før ho er i gang med treninga i storhallen. Ho er imponert over opplegget, anlegget og omgivelsane.
-Kort veg til det meste, gode treningar og flinke medspelarar. Her er det verkeleg muleg å utvikla seg som fotballspelar.
Ho er godt i gang på høgskulen og tykkjer Sogndal har mykje å by på. Ikkje vanskeleg å finna noko av interesse her, hevdar ho.
Det er passe stort her, studentmiljøet er godt, så det går fint. Og då eg starta treninga med laget i august fjor, vart eg møtt med opne armar og ein fin gjeng spelarar, trenarar og eit støtteapparat av beste slag, seier Sanna.
Ho reknar seg sjølv som midtbanespelar, men kan også spela i andre posisjonar.
Me ønskjer Sanna velkommen i laget. Stao Pao!
I morgon søndag må de ta turen til Sognahallen. Kaffeprat i forkant av treningskampen mot Førde i Flostova kl. 14.15. Kamp etterpå kl. 15.