Solide 5-0 over Førde
Det vart ein god gjennomkøyring mot Førde i Sognahallen i dag. Første omgang var solid og ein kunne sjå det var forskjell på treningsgrunnlag. Førde har hatt lite trening på kunstgras sidan oppstart og det gav seg nok utslag. Nathalie Høgi og Marte Aaberge sørga for ei 2-0 leiing etter 45. minuttar. Det var tidvis mykje bra spel, noko trenar Martin var godt nøgd med.
Me fekk til mykje av kombinasjonsspelet slike me gjerne ønskjer. Å vera trygge med ball og gjera gode val. Me slurva ein periode etter kvilen, men alt i alt ei god gjennomkøyring, er trenar-Martin sin konklusjon.
Etter pause vart det mykje stillingskrig ein periode, før me avslutta og laga tre mål til. Andrea Njøs knalla inn 3-0 frå venstrekanten, før Maria Heggestad (hospitant) og Julia Felde avslutta målfesten.
Godt gjennomført kamp, der alle fekk speletid. No er det berre å lada batteria og gå laus på ei ny treningsveke. Det vert allereie komande laurdag nye moglegheiter for å øve 11v11 når me skal til Åsane Arena og spele mot Åsane 2.
Me takkar dommarar for kampen og ønskjer Førde lukke til med seriestart i mars!