Uavgjort 2-2 mot Åsane 2

Ella feira 16-årsdag mot Åsane med godt spel på backplass, medan Marte sende oss i føringa med ei kraftfull heading etter corner.

Det ande 2-2 i kampen mot Åsane 2, Eit ok resultat etter det som skjedde. Åsane var klart best før pause, men Vårin stakk gjennom og utlikna, slik at det stod 1-1 etter dei første 45 minuttane.

  • Me vart pressa bakpå og klarte ikkje å få til vårt eige offensive spel i første omgang. Det betra seg, og utover i kampen kom me til eit par gode sjansar der pasningane og samspelet fungerte betre. Me må jobba med samhandlinga og våga å halda på ballen i dei periodane der me vert pressa, seier trenar Martin. Han er nøgd med gjennomføringa, og spesielt at mange i troppen fekk mykje speletid.

  • - VIktig at alle får tid til å bli varme i trøya og kjenna på nivået. Dette er god utvikling mot eit godt Åsane 2, seier trenar-Martin.

  • Det var altså Marte H som sende oss i føringa. Ein corner vart løfta iinn i feltet, og det var tydeleg at denne hadde årdalsjenta bestemt seg for å senda i mål. Ei kraftfull heading utan sjanse for åsane.keepren.

  • Etter mykje fram og tilbake, litt rotete avslutning på kampen enda det med 2-2. Åsane kom gjennom på slutten og kunne utlikna til 2-2. Eit greitt resultat på flotte Åsane Arena.

Kent og Hallo Sogn er alltid på plass! Her i intervju med trenar Martin.

Jon Navarsete