Til Oslo og møte med Grei
Det nærmare seg sesongstart - endeleg. Me reiser til Oslo på laurdag og trenar der, før det er avspark og sesongopning mot Grei søndag. Ein av favorittane i avdelinga.
Me er klare for å setja i gang. At me møter seriefavoritten i den første kampen, er det ingen grunn til å frykta spesielt. Me skal jo møta alle uansett, seier trenar Martin.
Sesongoppkøyringa har gått etter planen. Treningsleiren i Benidorm var velluka, og resultata i treningskampane har variert noko., mot god motstand i nokre av oppgjera. Kampen mot Molde var særleg oppløftande. Elles har nokre spelarar slite med skade, men no ser det lysar ut, og mykje tyder på at me stiller slagkraftig til første seriekamp. Ine må nok venta ei stund enno, men ho er i god trening!
Alle er innstilte på å gje alt for klubben og kvarandre, seier ein innbitt Martin. Han er klar for sin første sesong med trenaransvar.
Det håpar eg skal bli ei god oppleving. Det er svært viktig at me står samla og framstår som eit LAG.
No ser me fram til å få testa oss kvar veke i serien, og gjera alt me kan for å prestera så godt som muleg. Det blir ein tett og jamn avdeling, der me skal jobba hardt for å hevda oss så godt som muleg, er Martin sine ord før søndagens serieopning.
Han håpar å sjå mange på tribunane når sesongen kjem i gang. Det er svært viktig med støtte frå eit entusiastisk publikum.
Då er det berre å seia tvi-tvi. Lukke til med sesongen, Me er mange som heiar på dykk!
Stao Pao.
.