Tre poeng mot Tynset varma godt

Kristine og Julie smiler godt etter sigeren mot Tynset.

Me fekk den første sigeren for sesongen, og jammen var det fortent nok! To mål av Emma og Marte var svært viktige i ein kamp der me dominerte stort i periodar. Sjansane var mange, og det er heilt klart at det må trenast på avslutningar, og det å bevara roen og utnytta mulegheitene betre.

  • Me gir frå oss ballen heilt unødvendig fleire gonger. Så det må det jobbast med. Ballen skal gå hurtig framover, og gjerne i bakrom utan for mykje dill-dall, er trenar Robert si formaning etter kampslutt. Ein letta kar i lag med jublande spelarar då dommaren bles av kampen.

Det første målet kom rekordraskt. Me slo faktisk herrelaget sitt første frå i går med 10 sekundar! Etter eit stort trøkk mot Tynset-målet hamna ballen på bakre stolpe, og kven andre enn Emma var på plass igjen. Ballen i mål og ei pangopning etter 1 minuutt og 5 sekundar!

Etter dettte kunne me fort auka leiinga, eit par gigantsjansar og mange hjørnespark burde gjeve scoring. Men så skjer det litt uventa. Tynset kjem fri på kanten, og innlegget vert sett i mål.

  • Skikkeleg surt. Me har eigentleg full kontroll heile kampen, så det var bra me avgjorde til slutt. Trur me skal bli betre på å setja sjansane etter kvart. Det blir nok ein del terping på nettopp det i tida som kjem, seier lagkaptein Kristine.

Tre smilande jenter etter siger og tre poeng. Anna og målscorarane Marte og Emma.

Marte vart matchvinnar då ho knalla til frå 16-meteren. Ballen heilt borte i hjørna og stor jubel på bana, og minst like mykje frå dei 280 på tribuna. Første sigeren er i boks, og me har kome godt i gang med sesongen. Mykje tyder på at me har nivået inne. Noko som gjev motivasjon og energi til å stå på vidare.

No får me ei tøff utfordring mot Viking i Stavanger. Då er me i angrepsposisjon og må prøva å senka skuldrane.

Jon Navarsete