Inspirasjonssamling i Lærdal
Torsdag tok me turen over fjorden til Lærdal for ei ettermiddagssamling og trening med jentespelarar og trenarar frå Lærdal og Hemsedal. Totalt 18 spelarar gjennomførte økt leia av Marianne Mellsdal og assitentar for dagen Maia og Lea. Dei to keeperane som var der fekk ei god keeperøkt med vår entusiastiske keepertrenar Vidmar.
Parallelt med økta fekk sportsleg ansvarleg i styret Rune Henjesand fortalt litt om status i Sogndal FK Damer til dei frammøtte trenarane frå Lærdal og Hemsedal, samt styremedlemmer frå Lærdal.
Me håpar besøket var nyttig og inspirerande, det var det i høgste grad for oss. Erfaringsutveksling og deling av kunnskap er nøkkelen til at me skal bli betre saman seier Rune etter besøket.
Me ønskjer involverte spelarar, trenarar og leiarar lukke til med sesongen, så håpar me at me sjåast på kamp på Fosshaugane Campus i løpet av sesongen.