Viktig bortepoeng i Arendal

Arendal-Sogndal FK 1-1

Norac Stadion

Mål:

24’ 1-0 Straffe

27’ 1-1 Julie S Pettersen (Ine L.Dale)

Laget:

Julie Øverland, Ine L Dale, Kristine Hovland, Josefine T.Lefdal, Thea Elle (ut 90’), Marte Aaberge, Marte Hovland, Anna Grindhaug (ut 75’), Emma Sæbø (ut 75’), Julia Felde (ut 38’), Julie S. Pettersen (ut 45’)

Innbyttarar:

Kaja Rekkedal (inn 75’), Ingrid Krakhellen (inn 90’), Andrea S. Njøs (inn 45’), Marte Hollevik (inn 38’), Nathalie Høgi (inn 75’).

Julie sikra eitt poeng i dagens oppgjer mot Arendal då ho scora sikkert aleine med keeper.

Det vart poengdeling og 1-1 i bortekampen mot Arendal. Dermed kan ein vel sei at starten på årets sesong er ok. Litt tilpassing til den nye kvardagen må me rekna med. I dagens kamp utlikna Julie aleine med keeper etter ein bakromspasning frå Ine, i ein kamp medtrenar Sebastian omtalar som midt på treet.

Ein rotete kamp mot eit vakse Arendal-lag. I dag var me verken framme nok i skoa eller skarpe nok med ball. Då må me ta med oss poenget og brette opp ermane inn mot neste kamp. Me takkar Arendal for kampen og eit flott arrangement.

Sebastian er slik passe nøgd med poengdeling i Arendal. Nye sjansar komande helg når Tynset kjem på besøk. Då går me for årets første 3-poengar!

Jon Navarsete