Trenar for fullt - og snart går turen til Spania
Laget er inne i ein viktig treningsperiode, og gledeleg er det å sjå at stadig fleire av dei skadde spelarane er på feltet igjen. På fredag legg me kursen mot Spania og Benidorm for ein 9 dagars treningsleir.
Den blir viktig, på mange måtar. Å sveisa spelarane endå betre saman, trena godt og målbevisst, og så blir det kamp mot Klepp på søndag, fortel trenar Martin. Der blir det møte med ein gamal kjenning, Ole Hjelmhaug. Han er med i trenarteamet til Klepp. Det blir også ein kamp til, men motstandar er enno ikkje klar.
Det skal bli gode dagar i det spanske. Me har gjennomført ein god treningsperiode frå nyttår, så no blir det tid til å finpussa formen fram mot seriestart. Alle spelarane blir med sørover, og no er Thea, Kristine, Mia, Marte og Julie tilbake, så det skal bli godt med ein samla tropp.
For Ine er situasjonen langt betre, og ho er i forsiktig trening. Det skal bli kjekt å få ho med att for fullt, seier Martin.
Han fekk sjå laget spela ein god kamp, 1-1 mot opprykksfavoritt Molde på Eid kunstgras sist helg. Då stilte heile gjengen først på trening for jentespelarar frå heile Nordfjord. Ei viktig markering og flott tiltak for framtidige spelarar.
I kveld var det også samling for akademispelarane 13-14 år. Kring 20 spelarar frå klubbane i Indre Sogn er med. Eit tiltak som er utviklande og inspirerande, og som betyr mykje for utviklinga vidare. I kveld var det Kjetil Sønnesyn sin tur å trena dei.
Dette er ei viktig samling for spelarane. Å møtast ein gong i veka betyr mykje. Dei får gode referansar å ta med seg heim. Motivasjon for å trena meir og bli ein betre fotballspelar. I framtida kan det godt vera at nokre av desse blir å sjå på flaggskipet vårt, seier Kjetil som saman med Marianne står i spissen for akademitreningane.