Velkommen tilbake Andrea Henjesand
Andrea Henjesand er klar for ein spanande haustsesong med Sogndal FK Damer
Andrea har trent med oss sidan mai og var i helga delaktig i treningskampen mot Fyllingsdalen. Andrea spelte haustsesongen for oss i fjor etter ho kom tilbake frå ein korsbåndskade. I vårsesongen vart studiar i Bergen prioritert, der Andrea studerer for å bli sjukepleiar. Ho har trent godt i studieperioden og er på ny klar for å aksle Sogndal drakta i kamp. Det er me veldig glade for og den sentrale midtbanekrigaren vil gi oss endå meir konkurranse og dybde i stallen seier trenar Martin Natvig.
Velkommen tilbake og Stao No Pao!